|

Stokk & Stein AS
Prestøya, 2686 Lom
Tlf. 908 60 858
stostein@online.no
|
|

Det er ikkje noko mål i seg sjølv at hovudbygningen
på Andvord skal bli i vinkel og vater. Målet er å føre bygningen attende til
slik den var på 1840-talet.
 |
Tekst og foto: Elias Sperstad GD,
10/7 2004
- Å ja, det har nok gått med ein
del skilling alt. Mykje av det som er gjort hittil, synest ikkje. Det skal gjerast
skikkeleg få grunnen av, slik at det kan stå ei stund. Og det er eg frykteleg glad
for, at vi får drive på ein plass der eigaren er viljug til å bruke ein del
skilling på restaureringsarbeidet.
Ulf Ryen er bas for restaureringa på Andvord. Det er litt av ei oppgåve bedrifta
Stokk og Stein har teke på seg. Men dei viste kva dei gjekk til. Eit eldgammalt hus
som bokstaveleg talt stod på gyngande grunn. Bygningen var merka av tidas tann.
Vassfull grunn og telehiv har stått og lea på huset sidan den fyrste delen var
opplafta i 1744. For i det heile å redde huset for ettertida var det å starte
aldeles frå grunnen av. Grunnen er nå drenert, og ny mur støypt under huset. Den
øvste - og synlege delen - er mura med gråstein. Ei tid kvilte tømmerbygningen
på 22 20 tonns jekkar. - Vi har jekka opp eine delen 40 centimeter. Det var så
skakt, at for at badekaret skulle vera slik omtrent vassrett, var beina fjerna i
eine enden. Og dei som stod att var faktisk skola oppunder. Så skakt var det. Og
skakt vil det bli. Men ikkje håplaust skakt, seier Ryen og viser oss eine
soverommet i andre etasjen.
 |
| Dei får mykje skryt for arbeidet på Andvord, Ulf
Ryen, Tore Sveen (fremst), Øystein Vaagaasarøygard, Stig Nyborg, Edvin Espelund,
Bjørn Abrahamson, Bernd Kirchner, Torbjørn Sund, Ole Ragnar Bakkom og Kenneth Jakobsen.. |
Det hellar merkbart. Det er ikkje mangt
som er i lodd og vater i huset. - Her er det å tilpasse kvar einaste fjøl. Vinkel
og vater, nei, ein kan ikkje gå etter slikt her. Hovudhuset skal bli så likt det
var på 1840-talet som mogleg. Inventaret, eit Skjåk-Ola skåp inkludert, skal inn
att. Fargane innvendig skal bli som dei var. Det skal fargekonservatorar sørgje
for. Nye glas er sett inn, prikk like dei eldste glasa som sat i veggene. Den gamle
tingsalen i andre etasjen skal bli sjølve møterommet på Andvord. Golvet er
forsterka med 11 jernbjelkar. Men dei synest sjølvsagt ikkje.
Plank for plank er golvborda og himlinga tatt ned, og festa på plass att. Akkurat som
før. Forskjellen er at nå gyngar ikkje golvet lenger. Nytt tømmer, rundt 100
meter, er lafta inn til erstatning for det som var rote. Dei to klebersteinspeisane
i huset er tatt ned. Og sett opp att. Restaureringa er total. Det er ikkje snakk om
å fjaske frå seg.
- Det er eit kolossalt arbeid. Ei
skikkeleg utfordring. Men du verda så artig. Her er det alt frå grovt jord- og
steinarbeid til møbelsnikring. Det er godt å vite at det ikkje står på skilling
frå eigaren si side, slik at det blir gjort ordentleg, seier Ulf Ryen. Det er ikkje
berre hovudhuset det blir gjort noko med på Andvord nå. Kårbustaden frå rundt
1890 blir restaurert, eit stabbur frå 1600-talet er flytta og sett opp att på ny
gråsteinsmur. Eit nytt tømra sovehus er snart under tak. Kostnadsramma for det som
blir gjort, er 10 millionar kroner. |
|
 |
| Ulf Ryen og Tore Sveen diskuterer detaljar på
fasaden. |
Planane for Andvord inneber bygging
av eit sovehus til. Det vil eventuelt bli i neste etappe. Arbeidet som nå pågår, skal
vera avslutta rundt juletider. - Vi tek sikte på å ta i bruk eigedomen på
vårparten, seier Michel Andvord, som eig Andvord saman med Richard Andvord. Andvord
er tufta på historisk grunn. Mykje tyder på at garden ha røtter tilbake til
Viking-tida, fortel Michel Andvord. I ei grensesak i 1312 vart garden omtalt som ein
storgard. Det må ha teke mange generasjonar å rydde jorda for å bli ein
storgard. Andvord er nemnt i mange andre skriftlege kjelder frå 1300-talet og fram
til i dag. Blant anna omhandlar dokument flytting av ei kapellkyrkje på Andvord,
som vart flytta til Skjåk.
Andvord var også tingstad i om lag 250
år. I 1528 vart garden delt i to gardar, Sygard og Uppigard. Seinare vart Uppigard
delt til å omfatte også Nordgard. Opp gjennom 1700-1800 vart Uppigard og Norgard
seld ut av slekta, slik at Sygard er den einaste attverande garden frå det
opphavlege odelsgodset. I 1974 kjøpte Lom kommune garden av Jenny Andvord. I 2003
kom Andvord tilbake til slekta, da Richard og Michel Andvord kjøpte den. Det vekte
glede i bygda da dette vart kjent, og ikkje minst da dei nye eigarane bestemte å
restaurere bygningane fullstendig og nytte eigedomen til kurs- og konferanser. Andvord vil
framstå som eit levande «museum» til bruk i moderne tid.
www.andvordgard.no
|
|
|