Stokk & Stein ser på uvanlege konstruksjonar som ei utfordring til å skape noko som kan hende ikkje er blitt gjort før. Eit godt døme på dette er Soria Moria i Holmenkollen.

Med 1200 kvadratmeter i grunnflate, der underetasjen var i mur og hovudetasjen i laft, var det nye kurs- og konferansesenteret til Den norske legeforening i 2003 det største bygget Stokk & Stein hadde tatt på seg. Dermed vart dette på sitt vis eit pionerprosjekt for bedrifta. Store rom utan delingsvegger byr på enorme utfordringar for lafteteknikken.. I spisestua hadde vi laftelengder på 11 meter! Så langt tømmer fanst ikkje å få tak i og skøyting måtte til, utan at det skulle syne.
 
I tillegg til lange lengder på veggane, baud vegghøgda også på store utfordringar. For å hindre at veggane skulle bule ut, måtte vi setja inn store 7-meters høge firkantar både på inn- og utsida, som så vart bolta saman.